Nye bilder

Enivest vurderer fiber til Eplehagen

Eg har i dag signert kontrakt med Enivest om levering av høghastigheits-internett på fiberkabel. Dei vurderer å byggje ut hos oss, men det er truleg litt avhengig av kor mange som teiknar seg. Om dei ikkje har levert innan eitt år, så gjeld ikkje avtalen lenger.

I dag har vi eit abonnement som er tregare enn det desidert minste breibandabonnementet til Telenor. Det er fordi vi sit på enden av hardt pressa koparkablar, og dei kan rett og slett ikkje levere høgare kapasitet. Telenor har heller ingen planar om å auke kapasiteten, dvs. byggje ut med fiber.

Årsmøte 18. juni 2008

Styret kallar med dette inn til årsmøte onsdag 18. juni kl. 19.00 på leikeplass 1 ved Wilson/Grønfur.

Sakliste:

Sakna

Nikolai i Eplehagen 34A saknar katten sin Max . ein brunspraglete hannkatt på 1 1/2 år den hadde desverre ikke halsband på seg når den forsvann for snart ei veke sia.

Ny adresse eplehagen.origo.no

Denne sona har fått ei enklare adresse. Det einaste du treng hugse for å kome hit er nettadressa: eplehagen.origo.no

Velkomen til Eplehagen!

På desse sidene kan bebuarane i Eplehagen lese styrereferat, årsmeldingar, kalendar for arrangement, sjå bilete og mykje meir. Om du er bebuar men hittil ikkje har bede om medlemskap i denne origo-sonen , så har du heller ikkje tilgang til alle bileta og dokumenta. Du er derfor hjarteleg velkomen til å bli med på nettsidene. Medlemskap får du ved å klikke oppe til høgre.

Etter kvart vil også fleire bilete og tekstar blir tilgjengelege for deg som berre er på besøk på desse sidene, anten du har kjentfolk i Eplehagen, eller kanskje fordi du har lyst å flytte hit…

Styret 2007-2008 er konstituert

Styret i Eplehagen vel 2007-2008 har konstituert seg slik:

Leiar:

Eplehagen vel

Følgt av 33 medlemmar.

Velforeininga for det fagraste byggefeltet i Førde, mellom staute fjell, og ved ei brusande elv som vi både fiskar og badar i. Det er omlag 30 huseiningar i feltet. Slåtten skule ligg berre eit par hundre meter unna. Dette er Sunnfjords perle! Meir om sona

Origo Eplehagen vel er ei sone på Origo. Les meir
Annonse